Workshop: Korleis gjer du merkevaren din relevant for dei rette folka - og ikkje berre for folk flest?


Korleis gjer du merkevaren din relevant for dei rette folka – og ikkje berre for folk flest?

Denne workshopen er laga for deg som vil ta eit nytt steg i å byggje ei sterkare merkevare. For dei som deltok på førre samling, er dette ei naturleg vidareføring. For nye deltakarar er det ein praktisk inngang til å forstå korleis eit tydeleg merkevareløfte kan bli den raude tråden i betre kommunikasjon, sal og kultur.

Workshop: Færre folk – større effekt: slik får du mest ut av merkevaren din

Før lunsj (09:00–11:30)

Frå posisjon til løfte

– Folk vil ikkje ha produktet ditt, men endringa og kjensla det skapar

– Kva skil eit sterkt merkevareløfte frå eit tomt slagord og kva er ein god posisjon

– Korleis merkevareløftet heng saman med målgruppa si verdsoppfatning

– Øving 1: Kartlegg kva løftet ditt signaliserer i dag, og kven som trur på det

Etter lunsj (12.00–14:00)

Frå løfte til handling

– Kvifor få, men rette kundar gjev størst effekt

– Tillit kjem frå frekvens og gode historier

– Merkevare som kultur: normaliser ny åtferd, ikkje jag alle

– Øving 2: Utform eit merkevareløfte og lag ei enkel forteljing som gjer at målgruppa bryr seg

Kvifor delta?

– Du får prøve å skissere eit konkret merkevareløfte som kan brukast i kommunikasjonen til bedrifta di

– Du lærer å prioritere rett målgruppe

– Du får verktøy til å omsetje løftet ditt til handling og kultur

Med forbehald om endringar.

Pris: NOK 750 ,- eks. mva. (inkl. lunsj)

Påmelding til: invitasjon@industriutviklingvest.no 


Dato og tid
tirsdag desember 02, 2025
09:00 14:00 (Europe/Oslo)

industriutviklingvest

Hagellia 6
5914 Isdalstø
Norge
iuv@argonville.no
Se på kart
Arrangør

Industriutvikling Vest

+47 411 63 908
invitasjon@industriutviklingvest.no