Wergelandgruppa ny eigar i Industriutvikling Vest

Industrikonsernet Wergelandgruppa i Gulen har vorte medeigar i innovasjonsselskapet Industriutvikling Vest (IUV). Dette skjedde nyleg i ei ekstraordinær generalforsamling kor det vart teikna aksjar gjennom ein emisjon. Frå før har IUV eigarane Equinor Energy AS, Mongstad Vekst AS, SIVA SF, BKK AS og CCB Mongstad AS.

Dagleg leiar i Industriutvikling Vest; Børge Brundtland, er svært tilfreds med at Wergelandgruppa kjem inn på eigarsida. -Vi ynskjer å styrka det industrielle innovasjonsmiljøet i regionen, og då var Wergelandgruppa naturleg å få med i satsinga.

Selskapet har ei særs sentral rolle i utviklinga av industrimiljøet i Gulen Industrihamn og er derfor ein viktig næringsaktør for heile industrimiljøet i Nordhordland og Gulen.
-Det er imponerande kva konsernet, med lokale eigarar og lokal leiing, har tilrettelagt av næringsareal og næringsaktivitet i Gulen.

Skal vi utvikle denne sterke industriregionen vidare, er det viktig at vi arbeidar saman mot felles mål. Det ligge betre til rette for det når fleire tunge industriaktørar satsar samen, seier Brundtland.

Konsernsjef i Wergelandgruppa, Irene Kjelby Wergeland uttalar: - Nordhordland er vår bu og arbeidsregion, og eg er takknemleg for at IUV ser verdien av det som er etablert på nordsida av Fensfjorden gjennom WergelandGruppa si satsing.

Det var ikkje vanskeleg å få medhald internt for å gå inn som aksjonær i IUV. Industrien i Nordhordland er ein avgjerande faktor for utvikling av heile regionen, og frå neste år er industrimiljøet på begge sider av Fensfjorden samla og sentralt i det nye Vestland Fylke, sier Wergeland

Irene Kjelby Wergeland vart på same generalforsamling valt som nytt styremedlem i IUV. IUV har tre ansatte og om lag 8. mill. i årleg omsetning. Styret i Industriutvikling Vest er samansett slik:

Benedikt Henriksen, styreleiar, Equinor Energy AS
Merete Lunde, nestleiar, Equinor Energy AS
Jan Dagfinn Lund, CCB Mongstad AS
Anders Haugland, VIS (tidlegare Bergen Teknologioverføring)
Stig Erik Jakobsen, Høgskulen på Vestlandet
Irene Kjelby Wergeland, Wergeland Holding AS
Arthur Arnesen, observatør, Hordaland Fylkeskommune