Betydelig økonomisk støtte til bedrifter i 2018

 

– Mitt store poeng er at tre millionar i bidrag og rådgjeving frå IUV har løyst ut over 32 millionar kroner til  verksemdene som har fått rådgjeving, seier dagleg leiar Børge Brundtland i Industriutvikling Vest.

Industriutvikling Vest hadde ei samling i desember, der ti av deira gründarar presenterte seg for investorar. Suksessen med dette gjer at dette vil dei satsa meir på i tida framover.

Gjennom 2018 har Industriutvikling Vest (IUV) bidrege med tre millionar kroner i direktestøtte til verksemder dei har jobba med.

 Det som er gledeleg for dagleg leiar Børge Brundtland å sjå, er kva dette har generert og utløyst av ytterlegare tilskot og investeringar.

 – Ein ting er kva IUV har bidrege med direkte. Vi er avhengige av og ønsker at det vi går inn med skal utløyse andre midlar og forsterke ting. Mitt store poeng er at tre millionar i bidrag og rådgjeving frå IUV har løyst ut over 32 millionar kroner til desse verksemdene, seier Brundtland.

 Om desse verksemdene hadde klart å fått henta ut noko av desse midlane uansett, får vi aldri svar på.

 – Kva er det som er spesielt med verksemder som har vore gjennom «kverna» hos IUV?

 – Vi får høyre frå investorar, miljø som driv finansiering og for så vidt frå Innovasjon Norge, at selskap vi anbefaler eller løfter fram er ein form for kvalitetssikra for dei som skal vurdere dei vidare, seier Brundtland.

 – Tilbakemeldingane er at dei er meir førebudd og bearbeidd enn dei som kjem på eiga hand, fortel han, og seier han synest det er fantastisk å sjå kor mykje det medfører.

 I tillegg nemner han to parameter han ikkje har med i dette reknestykket, som gjer at den totale verdiskapinga for verksemdene kan vera langt høgare.

 Meirverdi i form av vekst

– Det eine er kva verksemdene klarer å generere av verdi gjennom vekst. Om til dømes nokon vi støttar doblar resultatet frå ein til to millionar med bakgrunn i støtta. Desse regnskapstala er ikkje klare endå, kva det har generert i meirverdi i form av vekst, seier han.

Det andre er kva verksemda har gjort av investeringar sjølv, så den totale verdiskapinga kan vera langt høgare enn dei 32 millionane i reknestykket over støtte.

REKNESTYKKET

Ti av selskapa IUV har jobba med i 2018 har til saman generert 22 millionar kroner i auka aksjekapital gjennom investorar.

Fire av selskapa har til saman utløyst 5,2 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge. Fire verksemder har totalt fått 225000 frå Spinnfondet, og Næringsfondet i Lindås har bidrege med litt over ein million i samla støtte til sju av selskapa som har vore under IUV sin paraply.

I tillegg har fire fått etablerartilskot, og fem har nytta seg av mentorordninga til Innovasjon Norge, samla over 340000 kroner.

Ordninga Skattefunn, der formålet er å motivera norsk næringsliv til å auka sin satsing på forsking og utvikling, har bidrege med 3,8 millionar kroner til fire verksemder.

Totalt godt over 32 millionar kroner.

Kjelde: Industriutvikling Vest (IUV)

– Innovasjon Norge har alltid vore ein god bidragsytar. Det som veldig kjekt å sjå her er dei 22 millionane som er kapital som kjem inn via eigarar og investorar ein har fått med på laget. Ein får ikkje slike summar inn utan at ein får med folk som har tru på det ein driv med, og det kan ein få til når ein har suksessrike prosjekt eller potensial for vekst, seier Brundtland.

Han fortel at gode idear dei får inn typisk vert jobba med mellom 20 og 30 timar, før ein så møter til dømes Innovasjon Norge.

– Jo meir førebudd ein verksemd er, og ikkje minst om ein er på riktig på tidspunkt i prosessen, jo større sjanse er det for å nå fram med få støtte.

Det arbeidet vi har gjort her på førehand hjelper dei i denne prosessen, seier han.

– Vi kan ikkje fullfinansiere prosjekt, men gjennom å jobbe med og klargjere gode idear, vil det normalt løyse ut meir tilskot enn det vi kan bidra med.

Satsar på investormiljø

Nokre er kanskje skuffa, og skulle ønske seg meir frå IUV, men Brundtland seier dei brukar dei ressursar som dei meiner er nødvendige for å hente ut eit potensial, anten frå offentlege ordningar eller private investorar.

– Samtidig er vi inne med betydelege beløp på dei vi satsar på, det kan vera alt frå 10000 til 700000 kroner, i hovudsak gjennom rådgjeving.

– Om eg hadde gitt ein verksemd 100000 kroner i støtte, og dei ikkje veit korleis dei skal få effekt av pengane, blir det litt tilfeldig kva ein får ut av det. Om ein får rådgjeving til ein verdi 100000, vil ein få det som er direkte retta mot den situasjonen ein er i.

Han er glad for utteljinga verksemdene har fått.

– Dette er spesielt gledeleg i eit år vi har satsa meir på investormiljøa, og å skapa relasjonar mellom dei og gründerar, seier Brundtland, og viser til ei samling dei hadde i desember, der ti av deira gründarar presenterte seg for investorar.

– Det kjem vi til å satse endå meir på framover. Vi trur nær kvar einaste gründer som skal veksa treng kapital utanfrå. Ein klarer kanskje å veksa naturleg også, men ein vil få ein raskare framdrift og prosess om ein har tilgang til meir kapital frå investorar.

Brundtland trekker også fram Næringsfondet i Lindås kommune, ei ordning har ser er verdifull med si støtte til lokalt næringsliv.

– Eg håpar verkeleg no når Alver kommune vert etablert, at Næringsfondet kan halda fram og bli eit verkemiddel i det som er dagens Meland, Lindås og Radøy, seier han.

– Den ordninga hjelper mange gründerar og etablerte verksemder med gode utviklingsprosjekt.

Få inn eksterne i styret

Brundtland seier langt fleire selskap i Nordhordland burde søka om mentorordninga til Innovasjon Norge.

– Den inneber at dei påspanderar selskapa ein mentor ei et tal timar for å vera sparringspartnar og rådgjevar, forklarer han.

– I tillegg bør fleire få inn eksterne medlemmer i styret, som medlem eller styreleiar. Skal ein utvikle seg treng ein impulsar utanfrå, tilrår han.

Som eksempel nemner han ein situasjon der ein har dagleg leiar i verksemd som og er eigar av verksemda, som går inn i styrerommet og møter seg sjølv, gjerne fleire i familien og fleire tilsette.

– Det retoriske spørsmålet vert då; korleis skal ein få impulsar utanfrå, korleis skal nokon pusha dei vidare, seier Brundtland.

– Fleire verksemder burde rekruttere ein eller fleire eksterne i styret, og heldigvis ser vi ein klar tendens til at fleire ser den moglegheita. Små grep der kan gje stor effekt.

Ei av verksemdene IUV har vore tungt inne i gjennom 2018 er Norske Elementfabrikker AS som er under etablering i Meland. I april startar dei opp produksjonen av ferdigelement til hus i nye fabrikklokale.

– Eg personleg likar veldig godt produksjonsverksemdene i Nordhordland. Der er det mange dyktige folk, som driv innovasjon og utvikling. Det er et satsingsområde for oss i 2019, seier Brundtland.

(Teksten henta fra artikkel i Avisa Nordhordland)