Kronprinsparet besøker Industriutvikling Vest

kongehuset_portretter0810 (1).jpg

Dei Høgvørde kongelege, Kronprinsen og Kronprinsessa kjem torsdag 14. juni til Knarvik for å besøke Industriutvikling Vest(IUV). Der vil dei møte gründermiljøet som er etablert i «Dampen».

Dagleg leiar i Industriutvikling Vest ser fram til å vere vertskap for Kronprinsparet denne dagen. – Det er svært gledeleg at Kronprinsparet ønsker å besøke gründermiljøet vårt. Nå gleder vi oss til å presentere nye gründerar og nyskapingsprosjekt frå vår region for Kronprinsparet, seier Brundtland.

Etter besøket hos Industriutvikling Vest vil Kronprinsparet besøke Knarvik Industri og Miljø AS(KIM). Knarvik Industri og Miljø AS er ei vekstbedrift eigd av Lindås kommune. KIM gjev tilbod til 30 personar som treng tilpassa arbeidsoppgåver. KIM produserer varer og tenester som vert omsett i Nordhordlandsregionen. Selskapet har spesielt fokus på viktige samfunnsoppgåver som gjenvinning og det å halde nærområdet fritt for søppel.

Dagen vert avslutta med eit besøk hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk AS. Ullvarefabrikken fyller 120 år i 2018.

Kronprinsparet kjem til Industriutvikling Vest ca kl. 11.20